Blue Valentine

Blue Valentine
Studioalbum av Tom Waits
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1978
Innspelt 24. juli-26. august 1978
Sjanger Blues-rock, viser
Lengd 49:09
Selskap Asylum
Produsent Bones Howe
Tom Waits-kronologi 
Foreign Affairs
(1977)
Blue Valentine Heartattack and Vine
(1980)


Blue Valentine er det sjette albumet til Tom Waits frå 1978Elektra Entertainment.

Waits gjorde nokre endringar på dette albumet i forhold til åra før. Han tilførte elektrisk gitar og elektrisk piano og hadde langt færre av balladane prega av piano og strykarar. I tillegg var albumet i mykje større grad bluesprega og ikkje så jazzaktig som dei tidlegare albuma.

Albumet opnar med ei utgåve av «Somewhere» frå West Side Story. «Christmas Card from a Hooker in Minneapolis» er ein typisk Waits-ballade der teksten, som opnar med «Charlie I'm pregnant...», er eit tenkt julekort frå ei prostituert dame i Minneapolis.

På baksida av plateomslaget kan ein sjå bilete Rickie Lee Jones på eit bilpanseret. Ho var kjæraste til Tom Waits på denne tida.


Developed by StudentB